Tala 11—20
I dette kapittelet skal elevane arbeide med tala frå 0 til 20. Kapittelet begynner med mengder, talfølgjer og tallinja
for tala 10–20, som er ein repetisjon frå første årstrinn. Vidare er det fokus på posisjonssystemet og på at
eit tosifra tal består av tiarar og einarar. I kapittelet blir addisjon og subtraksjon ført vidare. Elevane begynner
med å addere eit tosifra tal med eit einsifra tal og å subtrahere eit einsifra tal frå eit tosifra, utan tiarovergang.
Deretter møter dei addisjon og subtraksjon med tiarovergang. Tallinja som viser tal frå 0 til 20, er gjennomgangsfigur
i dette kapittelet. Ein kan oppmode elevane til å bruke denne tallinja som hjelp til oppgåvene i kapittelet.