Hjem

Pengar

Etter kvart som ein dreg myntane inn i ramma, blir dei summerte. Om ein ikkje vil ha denne funksjonaliteten, kan ein klikke på ”Skjul sum”. Då kan en leggje ulike mengder i ramma og samanlikne dei, utan at den totale summen blir vist.
Øv gjerne på å leggje ein bestemt sum i ramma, med ulik kombinasjon av myntar. I Grunnbok 1 møter elevane myntane først på side 34 der vi arbeider med addisjon med tala opp til 5. På alle tala frå 11 til 20 møter elevane kronestykke, 5-kroning, 10-kroning og 20-kroning. Og i kapittel 7 Kjøp og salg bruker elevane pengar til leggje saman, veksle og få igjen pengar i samband med kjøp av ulike varer.