Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Omgrep

I dette kapittelet arbeider vi med omgrep som er grunnleggjande for å forstå tal og geometri. Når vi seinare arbeider med tala, er det viktig at elevane forstår omgrep som før og etter, til dømes at talet fire kjem etter tre og før fem. Vi arbeider med  høg – låg, stor – liten, lik – ulik, større enn – mindre enn, framfor – bak, over – under, få – mange, flest – færrast, like mange og antal.