Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tala 11—20

I dette kapittelet skal elevane arbeide med tala frå 0 til 20. Kapittelet begynner med mengder, talfølgjer og tallinja for tala 10–20, som er ein repetisjon frå første årstrinn. Vidare er det fokus på posisjonssystemet og på at eit tosifra tal består av tiarar og einarar. I kapittelet blir addisjon og subtraksjon ført vidare. Elevane begynner med å addere eit tosifra tal med eit einsifra tal og å subtrahere eit einsifra tal frå eit tosifra, utan tiarovergang. Deretter møter dei addisjon og subtraksjon med tiarovergang. Tallinja som viser tal frå 0 til 20, er gjennomgangsfigur i dette kapittelet. Ein kan oppmode elevane til å bruke denne tallinja som hjelp til oppgåvene i kapittelet.