Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Areal

I dette kapittelet blir elevane kjende med areal som eit mål for flateinnhald. I fleire av sidene i boka ligg det eit rutenett med storleik 1 x 1 cm i bakgrunnen. Måleeiningar er dermed kvadratcentimeter, men vi brukar i staden tal på ruter som eit mål som elevane kan kjenne igjen. I første del av kapittelet skal elevane telje seg fram til kor mange ruter ein figur inneheld. Rutene vil vere synlege gjennom figuren. Etter kvart skal elevane berekne arealet av figurar der rutenettet ligg i bakgrunnen som hjelp, men utan å synast gjennom figurane. Elevane skal lage eigne figurar med eit bestemt areal. Dei skal anslå omtrent areal av figurar. Dei blir kjende med omkrins av enkle figurar, og at figurar med same omkrins ikkje treng ha same areal. Til slutt kjem vi også inn på oppstilling i rekkje i praktiske samanhengar, der elevane må bruke informasjonen om kor mange rader og kolonnar det er for å berekne kor mange. Gjennomgangsfigurar i dette kapittelet er eit rektangel og ein trekant med eit rutenett (1 cm x 1 cm) i bakgrunnen. Snakk med elevane om korleis rutenettet kan vere til hjelp for å berekne arealet av figurar.