Romfigurar
I dette kapittelet skal elevane kjenne igjen og beskrive enkle trekk ved tredimensjonale figurar i samband med hjørne, kant og flate, og dei skal sortere og setje namn på desse figurane etter desse trekka. Elevane blir også kjende med volum. Dei skal vurdere kor mange esker store og små lastebilar kan frakte. Elevane skal også vurdere kva reiskap ein skal bruke til å frakte ting i forskjellige storleikar og vekt. Elevane får dessutan utfordringar i å tolke rommet, det vil seie romoppfatting. Dei skal blant anna vurdere frå kva for vinklar bilete er tekne. Dei skal bestemme kor mange klossar det er i ulike oppstillingar. Gjennomgangsfigurar i dette kapittelet er to kubar stabla på kvarandre, og ein pyramide. Kuben og pyramiden representerer to forskjellige tredimensjonale figurar. Klossane er stabla for å illustrere plassering i rommet.