Addisjon og subtraksjon
I det siste kapittelet arbeider elevane vidare med addisjon og subtraksjon. Først i kapittelet er det ein repetisjon frå grunnbok 2A, addisjon og subtraksjon med heile tiarar og der eitt av tala er einsifra. Deretter tek kapittelet for seg addisjon og subtraksjon av tosifra tal. Vi legg vekt på at elevane skal utvikle og bruke varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal. Dei skal setje saman og dele opp i tiargrupper. Elevane kan bruke 100-nettet til å illustrere rekneoperasjonane om dei ønskjer. Vidare skal dei også bruke tallinja til å gjere berekningar og vise talstorleikar. Elevane blir dessutan kjende med addisjon og subtraksjon i praktiske samanhengar – det er oppgåver som dreiar seg om spydkast, aldersforskjell i ein familie og forskjellige prisar som elevane skal handtere. Til slutt i kapittelet møter elevane tekstoppgåver der dei må bruke addisjon eller subtraksjon. Gjennomgangsfigurar i dette kapittelet er ei tallinje som viser tiarane opp til 100. Ho illustrerer at vi skal arbeide med addisjon og subtraksjon i talområdet opp til 100.