Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Mangekantar og sirklar

Elevane skal setje namn på og kjenne igjen mangekantar som trekant, firkant, femkant og sekskant, og dessutan sirkelen. Dei skal studere samansette figurar og lage samansette figurar av ulike former. Vidare i kapittelet møter dei omgrepa kant og hjørne i samband med mangekantane. Elevane skal utvikle det matematiske språket for eigenskapane ved figurane. I dette kapittelet er todimensjonale figurar gjennomgangsfigurar. Samtal gjerne om figurane i fleire omgangar under arbeidet med kapittelet. Det er viktig å understreke at det ikkje er utsjånaden som avgjer om ein figur er ein trekant, men eigenskapane (at ein trekant har tre kantar).