Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tabellar og diagram

I dette kapittelet skal elevane arbeide med å sortere etter ulike eigenskapar. Dei skal telje opp kor mange det er i kvar kategori med teljestrekar og talsymbol. Talet kan førast inn i tabellar og teiknast i søylediagram. Elevane skal få forståing av samanhengen mellom tabellar og diagram. Gjennomgangsfiguren i dette kapittelet er eit søylediagram.