Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Måling —lengd

I dette kapittelet skal elevane samanlikne storleikar for lengd ved hjelp av passande måleiningar. Passande måleiningar kan vere ein pinne, ein blyant eller ei snor til å samanlikne lengder med. Vi innfører cm og m. Elevane liker å måle med linjal og meterstokk, samtidig som dei møter einingane i daglegtalen. Gjennomgangsfigurar er fingerspenn og meterstokk. Snakk med elevane om målereiskapane og om kva dei blir brukte til.