Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tala 20—100

Elevane arbeider med tal og mengder opp til 100, og med addisjon og subtraksjon innanfor talområdet. Først i kapittelet blir elevane kjende med tala opp til 100, plasseringa av tala på tallinja og mengder som representerer tal opp til 100. Vidare er det fokus på gruppering av tal og mengder i tiarar og einarar. Gruppering i tiarar er sentralt for oppbygginga av talsystemet vårt, som er eit posisjonssystem med grunntal 10. Deretter arbeider elevane systematisk med addisjon og subtraksjon i dette talområdet. Først presenterer vi addisjon og subtraksjon utan tiarovergang, der det første talet er tosifra og det andre talet har eitt siffer. Deretter blir elevane kjende med addisjon og subtraksjon der det andre talet er ein heil tiar. Så presenterer vi addisjon og subtraksjon der første tal er tosifra og andre tal har eitt siffer, slik at vi får ein tiarovergang. Addisjonane og subtraksjonane blir presenterte på varierte måtar med tallinje, 100-nett og talfølgjer, og i praktiske situasjonar som elevane kjenner seg igjen i. Nytt hjelpemiddel i dette kapittelet er 100-nettet. Det er ein oversiktleg måte å presentere tala frå 1 til 100 på. 100-nettet bruker vi både til å illustrere mengder og til å vise addisjon og subtraksjon.Gjennomgangsfigur i kapittelet er eit togsett med lokomotiv og ti vogner med ti personar i kvar vogn. Vognene er nummererte frå 10, 20 osv. opp til 100. Samtal med elevane om både tala og om kor mange personar det er i kvar vogn.