Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Symmetri

I det siste kapittelet arbeider elevane med spegelsymmetri og mønster. Dei skal fullføre bilete slik at dei blir spegelsymmetriske, dei skal teikne inn spegellinjene til figurar og spegle figurar. Vidare blir dei kjende med og bruker spegelsymmetri i praktiske situasjonar. Elevane får også utforske spegelbiletet til ulike figurar ved hjelp av spegel. Vidare lagar og utforskar dei geometriske mønster og beskriv dei munnleg. Gjennomgangsfigur i kapittelet er ein likebeint trekant der spegellinja er angitt, og ein bokstav som blir spegla.