Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tid

I dette kapittelet skal elevane bli kjende med kalenderen og klokka. Dei skal lære om årstidene, om månadene, dei skal klassifisere månadene i årstider, lære kor mange dagar det er i kvar månad, og bli kjende med kalenderen som viser oversikt over ei veke og ein månad. Elevane skal lære enkle klokkeslett. Dei skal arbeide med heile og halve timar med analog og digital klokke, og sjå samanhengar og forskjellar mellom dei to måtane å vise klokkeslett på. Elevane skal bli kjende med at eit døgn har 24 timar, mens ein time har 60 minutt. Gjennomgangsfigurar er kalenderen og klokka, som er det elevane skal bli kjende med i dette kapittelet.