Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Dobling og halvering

I dette kapittelet skal elevane arbeide med dobling og halvering. Dei skal teikne det dobbelte av ei mengd og dekkje over halvparten. Dei skal bruke 100-nettet til å illustrere dobling og halvering av større tal i talområdet 0–100. Dei arbeider med dobling og halvering i kvardagslege situasjonar som matoppskrifter som skal doblast og halverast, og dei studerer poengstatistikken for ein fotballtabell. Gjennomgangsfigur for kapittelet er eit bord der det ligg 10 kroner på den eine sida og 20 kroner på motsett side. 20 kroner er det dobbelte av 10 kroner, og 10 kroner er halvparten av 20 kroner.