Talfølgjer, partal og oddetal
I dette kapittelet skal elevane arbeide med figurtal. Dei skal bestemme neste tal og kva for tal som manglar i ei talfølgje. Dei skal bli kjende med korleis talfølgjer kan beskrivast ved hjelp av figurar som for eksempel blekkboksar, fyrstikker og klossar som alle aukar med eit fast mønster. Vidare skal elevane bli kjende med partal og oddetal. Til å begynne med arbeider dei praktisk med desse omgrepa, for eksempel ved at dei skal setje ring rundt to og to element. Dersom det lèt seg gjere for heile mengda, er det partal, og oddetal dersom det blir eit element til overs. Etter kvart i kapittelet skal elevane i større grad kunne lese av eit tal om det er partal eller oddetal. Gjennomgangsfigurar i dette kapittelet er lottokuler med tal i ei bestemt talfølgje, og trappa som er eit eksempel på korleis talfølgjer kan illustrerast.