Hjem

Spikarbrett

På spikarbrettet kan elevane lage dei ulike geometriske formene. Dei kan få mange ulike utfordringar: Kor stor trekant kan de lage? Lag mange like firkantar. Lag ein trekant som har éin prikk inne i seg. Lag ein som har to prikkar inne i seg. Kanskje nokon vil prøve å lage bokstavar? Spikarbrettet er også godt eigna til å visualisere omkrins og areal.