Reikning med tala 0–100
Elevane har i løpet av 2. trinn arbeidd på varierte måtar med addisjon og subtraksjon med tala opp til 100. Delar av dette kapittelet vil vere ein repetisjon frå 2. trinn. Det som derimot er nytt, er at elevane møter oppstilt addisjon og subtraksjon første gongen. Bruk derfor god tid på å presentere og forklare oppstillingane ved addisjon og subtraksjon. Det er viktig at elevane møter oppstilt addisjon og subtraksjon, slik at dei kan gjere bruk av denne måten seinare på 3. trinn når dei skal addere og subtrahere tal opp til 1000, og slik at dei erfarer han som effektiv. La elevane få prøve seg, men understrek også for dei at dersom dei ikkje meistrar denne måten å rekne på enno, kan dei bruke tallinje, 100-nett eller hovudrekningsstrategiar. Gjennomgangsfigur for kapittelet er taltoget, som viser kvar tiar opp til 100.