Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Volum

I dette kapittelet skal elevane arbeide med omgrepa grunnflate og høgd i samband med tredimensjonale figurar. Dei skal bli kjende med klossar (1 cm x 1 cm x 1 cm) som mål for volum av figurar. Dei kan bruke klossane som hjelp ved oppteljing for å finne volum. Sidan det dreiar seg om tredimensjonale figurar, vil ikkje alle klossane vere synlege på biletet, slik at elevane må bruke ulike strategiar for å finne ut kor mange klossar det er. Ein del illustrasjonar eller delar av oppgåver er laga slik at elevane får betre effekt med 3D-briller. Det er vist med eit eige symbol i form av briller. Oppgåvene kan vere til hjelp og støtte for dei elevane som har problem med å tolke bilete tredimensjonalt. Det er også viktig å gi elevane konkrete erfaringar som støtte til å forstå teikningane og bileta i boka. Vidare møter elevane liter og desiliter i praktiske samanhengar, dei skal mellom anna sortere kjende objekt etter volum. Gjennomgangsfigurar er pyramide, to klossar stabla i høgda og ein figur som får ein tredimensjonal effekt når vi bruker 3D-briller. Pyramiden og den tredimensjonale figuren representerer romfigurar. Klossane kan brukast som mål når elevane skal finne høgda på figurar og i arbeid med volum.