Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tid

Dei første sidene i dette kapittelet er ein repetisjon frå 2. trinn, der elevane arbeider med heile og halve timar. Deretter blir dei kjende med omgrepa kvart over og kvart på, vidare med heile femminutt og til slutt minutt på klokka. Elevane skal også bli kjende med sekund i praktiske samanhengar. Det kan vere ei utfordring for mange elevar å lære seg klokka. Dei bør derfor møte praktiske og meiningsfylte oppgåver, og i dette kapittelet møter dei tid i samband med tv-program, billettar der tidspunkt for kjøp kjem fram, og tekstoppgåver. Gjennomgangsfigur er tv-programmet som illustrerer digitale tidsnemningar og tid i ein praktisk situasjon, og ei analog klokke som viser ti på sju.