Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Deling

I dette kapittelet møter elevane divisjon første gongen i Matte overalt, men dei har mange erfaringar med divisjon, for det å fordele ting er noko av det første barn er opptekne av. I grunnboka lærer dei om denne reknearten gjennom praktiske oppgåver og illustrasjonar. Dei skal for eksempel fordele frukt så det blir like mange i kvar korg ut frå opplysningar om kor mange frukter og kor mange korger. Det elevane skal finne svaret på (det ukjende), er kor mange frukter det er i kvar korg. Eit anna eksempel er at ut frå opplysningar om kor mange bakarvarer det er og kor mange det skal vere i kvar pose, skal elevane finne svaret på kor mange (det ukjende) posar dei treng. Dei to eksempla illustrerer forskjellen mellom delings- og målingsdivisjon. Ved delingsdivisjon veit vi kor mange det skal fordelast på. Svaret fortel kor mange det blir til kvar. Ved målings-divisjon seier divisor kor mange det skal vere i kvar mengd. Svaret er kor mange det rekk til. Det er ikkje meininga at elevane skal vite forskjellen, men det er viktig for vidare læring av matematikk at dei har erfaring med begge metodane. Vidare i kapittelet møter elevane samanhengen mellom multiplikasjon og divisjon, dei møter divisjon med rest (divisjon som ikkje går opp), og dei skal ta i bruk divisjon for å løyse tekstoppgåver. Gjennomgangsfigur i kapittelet er 21 eple. Til venstre er det sett ring rundt 3, og til høgre er det sett ring rundt 7 for å illustrere at vi deler mengda i trearar og sjuarar. I midten står divisjonsstykka 21 : 3 = 7 og 21 : 7 = 3, som passar til illustrasjonen på begge sider.