Rekning
Dette kapittelet er ei oppsummering der elevane på nytt møter dei fire rekneartane. Tidlegare har elevane møtt addisjon og subtraksjon, multiplikasjon og divisjon i eigne kapittel. I dette kapittelet øver dei i tillegg på å velje rett rekneart til å løyse oppgåver. Gjennomgangsfigur er derfor dei fire rekneartane med eit spørsmåls-teikn bak, som illustrerer at elevane ut frå oppgåvene må velje passande rekneart.