Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tala 0-1000

I dette kapittelet arbeider vi med posisjonssystemet. Elevane skal bli kjende med at eit tresifra tal består av einarar, tiarar og hundrarar, og at plassen til desse siffera ikkje er vilkårleg. Vidare i kapittelet møter elevane tal og mengder opp til 1000 i forskjellige praktiske samanhengar, for eksempel som alder på dyr eller som rekordar omtalte i Guinness’ rekordbok. Vi legg vekt på talforståing i dette kapittelet, og elevane vil møte tal og mengder i forskjellige situasjonar. Addisjon og subtraksjon i talområdet opp til 1000 vil elevane møte i Grunnbok 3B. Gjennomgangsfigur i dette kapittelet er eit bilete av fire plater og ein kloss. Platene representerer hundrarar (4 plater er det same som 400), og klossen består av 10 x 10 x 10 terningar, det vil seie 1000. Platene og klossane hører til eit multibasemateriell som blir brukt som konkretar for å gi elevane forståing av tal og mengder opp til 1000.