Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Måling

I dette kapittelet arbeider vi med måling. Elevane skal måle lengder, vekt og temperatur, og dei møter desse omgrepa gjennom ei rekkje bilete og oppgåver knytte til kvardagen. Ved lengd møter elevane måleiningane centimeter, meter og kilometer, og for vekt møter dei gram, kilogram og tonn. I tillegg vil elevane arbeide med omgjeringar mellom måleiningane. Det vil seie at dei møter desimaltal første gongen. 125 centimeter kan også skrivast som 1,25 meter. Elevane får på denne måten ei praktisk og konkret innføring i desimaltal. På same måten møter dei negative tal i dette kapittelet, når dei arbeider med temperatur. Gjennomgangsfigurar er ein linjal, ei vekt og eit termometer, som skal vise at kapittelet dreiar seg om målingar av lengd, vekt og temperatur.