Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Geometri

Her er eigenskapar ved trekantar og firkantar sentralt. Først møter elevane omgrepa spiss, stump og rett vinkel og parallelle linjer. Desse omgrepa bruker dei deretter til å skilje mellom ulike trekantar og firkantar. Av firkantane arbeider vi med trapes, parallellogram, rektangel og kvadrat. Trapeset blir presentert først og kvadratet til slutt. På den måten får elevane høve til å sjå og resonnere rundt det at eit trapes berre har eigenskapen parallelle linjer som kjenneteikn, mens kvadratet har fleire kjenneteikn. Elevane vil arbeide med omgrepa rettvinkla, likesida og likebeint trekant. For å skilje dei frå kvarandre bruker vi eigenskapane rette vinklar og lengda på sidekantane. Til slutt i kapittelet kjem plassering og forflytting i rutenett. Her øver elevane på å plassere i rutenett og på å beskrive forflyttingar i rutenett ut frå horisontale og vertikale referansar langs kanten.