Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Brøk

I dette kapittelet møter elevane brøk første gongen. Her er det fokus på omgrep som kan likestillast, slik som ein todel, halvparten, ein av to osv. I innføringa av brøk legg vi vekt på at elevane skal møte varierte måtar å beskrive brøk på. Dei skal beskrive delar av ein heil ved hjelp av brøk, dei skal beskrive delar av ei mengd ved hjelp av brøk, bruke enkle brøkar i passande praktiske situasjonar og plassere enkle brøkar på tallinja. Elevane blir også kjende med enkle likeverdige brøkar, brøkar med ulike teljarar og nemnarar, men som representerer ein like stor del av for eksempel eit rektangel, og som ligg på same stad på tallinja. Elevane skal bruke brøk i praktiske situasjonar, gjennom arbeid med musikknotar i notesystem, sjokoladeplater der ein del er eten, og tekstoppgåver som inneheld kjende situasjonar for elevane. Brøk vil komme igjen i ulike samanhengar i 3B.