Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Mønster og symmetri

I dette kapittelet arbeider elevane vidare med mønster og spegling, som ein repetisjon frå 2. trinn. I tillegg møter dei parallellforskyving. Elevane skal finne igjen parallellforskyving i bilete, og dei skal bruke parallellforskyving til å lage mønster langs ei linje. Dette er det siste kapittelet i Grunnbok 3A og det siste elevane arbeider med før jul. Vi har derfor valt å halde oss til julemotiv. I julemotiv er det mykje mønster og symmetri.