Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Rekning med tala 0–1000

I dette kapittelet blir elevane kjende med ulike måtar å illustrere addisjon og subtraksjon av tresifra tal på. Elevane skal leggje saman og trekkje frå med pengar, på tallinja og ved hjelp av kvadrat, strekar og prikkar. Kvadrata illustrerer hundrarar, strekane tiarar og prikkane einarar. Det er ei illustrert forenkling av platene, stavane og terningane (multibasemateriell) som elevane kjenner igjen frå 3A. Elevane kjenner til strekane og prikkane frå arbeidet med tosifra tal. I dette kapittelet møter dei oppstilt addisjon og subtraksjon med tresifra tal første gongen. Bruk derfor god tid til å forklare korleis dei skal setje opp og rekne ut. Kvadrata, strekane og prikkane kan brukast til å illustrere tiarovergang ved addisjon og veksling ved subtraksjon. Ver nøye med å undersøkje samanhengen mellom illustrasjonen og oppstilt addisjon og subtraksjon, sidan dette er sentralt for kapittelet. Gjennomgangsfigur for kapittelet er ei tallinje som viser talområdet frå 0 til 1000.