Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Gonging

I dette kapittelet møter elevane multiplikasjon første gongen – eller gonging, som vi har valt å kalle kapittelet. Elevane skal først bruke varierte strategiar for å finne kor mange ruter, egg og planter det er, det vil seie ting frå dagleglivet til elevane. Talet på element som er viste, vil vere nokså høgt, slik at elevar som tel eitt og eitt element, vil få eit behov for ei meir systematisk og raskare teljing. På den måten gir vi elevane høve til å bruke multiplikasjon som ein meiningsfull og nyttig rekneoperasjon. Vidare i kapittelet skal dei arbeide med multiplikasjon i ulike samanhengar. Dei skal rekkjetelje med to, tre, fire og opp til ti om gongen. Dei skal knyte multiplikasjon til bilete. Dei skal bli kjende med multiplikasjonstabellen. Dei skal multiplisere tal med kvarandre (fram til og med fem-gongen i dette kapittelet). Dei skal illustrere eller lage ei teikning til eit multiplikasjonsstykke, og dei møter multiplikasjon i praktiske samanhengar, for eksempel i tabellar, oppskrifter og tekstoppgåver. Gjennomgangsfigur for dette kapittelet er ein tabell som i første omgang viser to-gongen (frå 1 · 2 opp til 10 · 2), og vidare på same måten tre-, fire- og opp til ti-gongen. Frå og med side 51 skal elevane sjølve fylle ut tabellen (gjennomgangsfiguren) slik at dei kan øve seg på rekkjeteljing med to, tre, fire og opp til ti.