Areal og omkrins
I dette kapittelet skal elevane arbeide med omkrins og areal. Til å begynne med i kapittelet bruker dei rutene (1 cm x 1 cm) i bakgrunnen av figurane som hjelp til å finne areal og omkrins, som dei kjenner frå 2. trinn. Etter kvart går vi over til at elevane skal bruke tala som står ved kvar figur. Dei kan ikkje lenger bruke oppteljing av ruter, men må for eksempel bruke multiplikasjon for å finne areal og addisjon for å finne omkrins. Elevane arbeider også med oppgåver der dei må ta mål sjølve før dei kan bestemme areal og omkrins. Til slutt i kapittelet blir dei kjende med kvadratmeter (1 m x 1 m) som måleining for areal. Gjennomgangsfigur for kapittelet er rektangelet og trekanten med rutenett (1 x 1 cm) i bakgrunnen.