Reikning med tala 0–1000
Delar av kapitlet er repetisjon frå 3. trinn, og det sentrale er addisjon og subtraksjon med tresifra tal. Elevane skal beherske desse rekneartane med hjelpemiddel som pengar, tallinje og illustrasjonar med prikkar, strekar og kvadrat. Elevane møter òg på oppstilt addisjon og subtraksjon. Vidare møter dei på addisjon og subtraksjon gjennom tekstoppgåver. Dei skal bruke rekneartane til å løyse tekstoppgåver, men òg føreslå passande tekstoppgåver sjølv. Til slutt i kapitlet blir elevane kjende med overslagsrekning knytt til addisjon og subtraksjon. Elevane har tidlegare arbeidd med avrunding av tal. I dette kapitlet skal dei mellom anna bruke avrunding i praktiske oppgåver.