Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Gonging og deling

I dette kapittelet skal elevane multiplisere og dividere med høgare tal enn det dei har gjort tidlegare. Dei skal bli kjende med slik multiplikasjon og divisjon gjennom ei gradvis og systematisk oppbygging. Først møter dei multiplikasjon (og divisjon) med ti, før dei multipliserer og dividerer med tiarar. Deretter skal dei multiplisere tosifra tal med einsifra utan tiarovergang, før dei møter det same med tiarovergang. Til slutt skal dei multiplisere tresifra tal med einsifra. Det sentrale for denne gjennomgangen er at elevane skal utvikle og bruke enkle metodar for multiplikasjon og divisjon. Gjennom kapittelet blir dei kjende med ulike strategiar for utrekningar. Ved å arbeide med ulike strategiar kan elevane forstå oppsettet for oppstilt multiplikasjon. Det blir lagt vekt på oppstilt multiplikasjon allereie på dette trinnet, fordi det er formålstenleg å meistre denne grunnleggjande algoritmen for å forenkle arbeidet innanfor andre emne i faget. Gjennomgangsfigur for kapittelet er reknestykka 7 · 71 = 497 og 497 : 7 = 71. Denne gjennomgangsfiguren skal illustrere for elevane at dei møer støre tal her enn i tidlegare kapittel om multiplikasjon og divisjon. Samtidig viser gjennomgangsfiguren at multiplikasjon og divisjon er motsette operasjonar –sidan 7 · 71 er 497, vil 497 : 7 vere 71.