Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Geometri

I dette kapittelet møter elevane omgrepa linjestykke, stråle og linje. Dei skal arbeide meir med spisse, stumpe og rette vinklar, og bruke rotasjon for å illustrere vinklar. Elevane skal kjenne til og beskrive eigenskapar ved sirkelen og mangekantar. Dei møter mellom anna omgrepa diameter, radius og sirkelsektor i samband med sirkelen. I tillegg skal elevane arbeide vidare med omkrins og areal av flater og volum av rektangulære prisme og kubar. Gjennomgangsfiguren er eit rektangel, ein sirkel og ein stump vinkel. Rektangelet har sidekantar 2 og 4 centimeter, og ved hjelp av desse opplysningane kan vi finne areal og omkrins av rektangelet. I sirkelen er radius markert.