Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Rekning

I dette kapittelet skal elevane arbeide med tekstoppgåver. Dei skal løyse tekstoppgåver og lage tekstoppgåver sjølve til ein gitt situasjon eller med utgangspunkt i eit reknestykke, eller lage rekneforteljingar. Elevane skal vidare arbeide med tekstoppgåver der dei må trekkje ut relevant informasjon og velje rekneart. Dei skal også løyse tekstoppgåver som krev fleire steg eller fleire rekneartar før dei finn svaret. Vidare møter dei overslagsrekning. Til slutt i kapittelet skal elevane arbeide med skriftleg hovudrekning. Det vil seie at dei noterer mellomrekningar undervegs når dei reknar i hovudet, for å unngå å miste oversikta og som eit høve til å reflektere over eigne resonnement. Gjennomgangsfigur er «+, - , · eller : ?», som viser at elevane gjennom fleire av oppgåvene må velje rekneart og grunngi valet.