Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tal over 1000 og negative tal

I dette kapitlet skal elevane arbeide vidare med posisjonssystemet og tal over 1000 samt negative tal. Det sentrale i kapitlet er ei grunnleggjande forståing av store tal og negative tal. Derfor blir fokus i kapitlet på at elevane skal bli kjende med store tal i ulike samanhengar i staden for rekning med tala. Dei skal skrive tal på utvida form, sortere tal etter storleik, finne posisjonen til siffer og setje strek frå talet til tallinja. Dei vil møte store tal i ulike praktiske samanhengar: gjennom prisar på produkt, høgd på fjelltoppar rundt i verda og Noreg, gjennom faktasetningar om dyr, innbyggjarar i norske byar og medlemstal i idrettar. Elevane blir òg kjende med negative tal på tallinja. Dei skal arbeide praktisk med negative tal mellom anna som temperaturmålingar, og landområde i verda som ligg under havoverflata.