Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Gonging

På tredje trinn var fokus på å multiplisere med tala to til fem. I dette kapitlet konsentrerer vi oss om gongetabellen frå seks til ti. Arbeidet skjer gradvis og systematisk, og elevane møter multiplikasjon i praktiske samanhengar og gjennom bilete. Mellom anna er seksgongen illustrert ved bruk av egg i kartongar, sjugongen med vekedagar og kronblad på blomar, og åttegongen med beina til insekt. Elevane skal òg hoppe på tallinja for å illustrere multiplikasjon. Dei skal lage ei teikning som illustrerer multiplikasjon, og dei møter på multiplikasjon gjennom tekstoppgåver. Med gjennomgangsfiguren for kapittelet kan elevane øve seg på rekkjeteljing og multiplikasjon med to, tre, fire … opp til tolv.