Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Deling

Som på tredje trinn arbeider elevane med divisjon i praktiske samanhengar. I kapitlet er det mykje bruk av foto og illustrasjonar for at elevane skal få ei grundig forståing av reknearten. Kapitlet byggjer på tredje trinn ved at elevane møter på divisjon med litt større tal. Vidare skal elevane bruke tallinja som hjelp til å finne svaret på divisjonsoppgåver. Elevane arbeider med divisjon gjennom tekstoppgåver, og det er også fokus på samanhengen mellom divisjon og multiplikasjon. Til slutt i kapitlet møter elevane på reine divisjonsoppgåver.