Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Brøk og desimaltal

I dette kapittelet skal elevane arbeide vidare med brøk på varierte måtar. Dei møter brøk som uttrykkjer ein del av eit heile, der elevane skal finne kor stor del av ein figur som er fargelagt. Dei skal kunne plassere brøkar til rett plass på tallinja, og kunne knyte brøk til desimaltal. Enkle brøkar skal skrivast som desimaltal, og desimaltal som brøk. Vidare skal elevane bli kjende med posisjonane «tidelsplass» og «hundredelsplass» når det gjeld desimaltal, og dei skal samanlikne storleiken på desimaltal. Til slutt i kapitlet skal elevane utvide og forkorte brøkar. Arbeidet med brøk og desimaltal blir konkretisert m.a. med brøkmateriell og geometriske figurar, i tillegg til praktiske døme som prisar, metersystemet og idrettsresultat. Gjennomgangsfiguren for kapittelet er storleiken av ein halv uttrykt som desimaltal, som brøk og som sirkel der fem av ti sirkelsektorar er fargelagt. Samtal med elevane om dei kan finne samenhengar i gjennomgangsfiguren.