Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Mønster og symmetri

I dette kapittelet jobbar elevane først vidare med kjende omgrep frå 3. trinn. Dei skal teikne symmetrilinjer på figurar, spegle figurar og vidareføre eit mønster. Nytt for elevane er rotasjon. Vi arbeider her med figurar som roterast om eit punkt, ei kvart, ei halv, tre kvarte og ei heil omdreiing. Først ser vi på rotasjon i det daglege, før elevane sjølv skal rotere figurar. Vinklar blir ikkje introdusert før i 4B, derfor nyttar vi ikkje omgrepa 90, 180, 270 og 360 grader i dette kapittelet. Gjennomgangsfiguren for kapittelet er blå og raude brikker som ligg i et mønster. Samtal med elevane om dei kan beskrive dette mønstret med eigne ord.