Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Tid

I dette kapittelet begynner vi med repetisjon frå 3. trinn. Elevane arbeider med tidspunkt som kvart over og kvart på, ti over og ti på, fem over og fem på, og med å kunne angi klokkeslett i minutt. Nytt på 4. trinn er at elevane blir kjende med sekund, tidels sekund, datoskriving og tidssoner. Dei vil møte praktiske og meiningsfylte oppgåver, for eksempel tabell for bussruter, skilt med avstandar førte opp som minutt, soloppgang og solnedgang i samband med tidsintervall og songtekstar knytte til arbeid med sekund. Gjennomgangsfigur er eit utdrag frå ein TV-guide som illustrerer digital tidsmarkering og tid i praktisk situasjon, og ei analog klokke som viser ti på sju.