Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Måleeiningar

I dette kapittelet blir elevane kjende med måleiningane for lengd, kilo og volum. Det mest sentrale i kapittelet er overgangen mellom måleiningane. Elevane møter slike overgangar gjennom bruk av tabell og praktiske oppgåver. Ved bruk av tabell kan dei få ei visuell oversikt over korleis måleiningane heng saman, og sjå at måltalet aukar eller minkar med ti til nærmaste måleining. Gjennom praktiske oppgåver får elevane meir konkrete erfaringar av korleis måleiningane heng saman. Ved bruk av meterstokk kan dei erfare samanhengen mellom meter og desimeter. Dei kan bruke linjal for å sjå samanhengen mellom millimeter og centimeter, og med desilitermål kan dei undersøkje samanhengen mellom desiliter og liter. Gjennomgangsfigur er ein linjal, ei vekt og eit desilitermål som skal illustrere måling av lengd, vekt og volum.