Hjem

Informasjon om lærarsidene

På denne lærarsida finn du ei rekkje ressursar til planlegging og til bruk i undervisinga. Framlegg til årsplan og skjema for elevvurdering skal gjere det lettare å planleggje. Digital bok som kan brukast på elektronisk tavle og kopioriginalar som du kan skrive ut gjer undervisinga meir variert. Lengst nede på sida kan du finne ressursane sortert etter kapittel.

Elevsider
Undervisningsressursar
Planleggingsverktøy
Forlagsressursar
Elevressursar

Statistikk og koordinatar

I dette kapittelet skal elevane arbeide med presentasjonar av ulike typar data. Dei skal kategorisere, telje opp og illustrere data i tabellar og søylediagram. Elevane skal også sjølve gjennomføre enkle undersøkingar og samle inn data. Vidare skal dei lese av søylediagram. Elevane arbeider mest med enkle søylediagram, men dei møter også gruppert søylediagram og stabla søylediagram, og dei blir kjende med kakediagram og linjediagram. Vidare skal elevane beskrive plassering og forflytting i eit rutenett. Det skal gjerast relativt, altså i forhold til andre stader på rutenettet (to ruter vest, ei rute nord), og det skal gjerast absolutt, ut frå eit referansesystem på utsida av rutenettet, som er eit referansesystem som er likt reknearket («rute B3»). Til slutt i kapittelet møter elevane koordinatsystemet. Elevane skal i hovudsak lese av og plassere koordinatar i koordinatsystemet. Gjennomgangsfigur er eit sølediagram der sølene ogsåer bundne saman med linjer (linjediagram), som representerer to av diagramtypane elevane skal arbeide med i dette kapittelet.